Artikkel i Tysvær Bygdelad i forbindelse med oppstart i gravearbeidet på Padlane Aust.

For eit par veker sidan fekk «Apeland Graving & Transport AS» og «Byggefirma Bjelland & Lilleskog» godkjent oppstart frå kommunen, og måndag 8. august kunne dei byrje med gravearbeidet på Padlane Aust. – Salet er i gong om få veker, fortel ein nøgd Christoffer Eikemo Apeland. Han fortel vidare at interessa for bustadane på det nye feltet har vore stor så langt.

Bra prosjekt  
Apeland eig med sitt firma 40 prosent av prosjektet og Helge Lilleskog og Kjetil Bjelland har 60 prosent gjennom sitt firma. Saman har dei etablert Padlane Aust AS, som kommunen har signert ein utbyggingsavtale med. – Eg er stolt og imponert over kommunen i denne saka. To månadar har det tatt frå saka dukka opp til ho er vedtatt og godkjent. Det viser at me kan om me vil. Prosjektet er svært positivt for bygda, kommenterte Arvid Bakken (H) då formannskapet stemte samrøystes for prosjektet i februar i år. – Dette er eg utruleg glad for at eg får vere med på å sluttføre. Det skaper liv i bygda. Det er heilt klart behov for fleire bustadar på Førland, og no kjem dei. Svært positivt, rosa Svein Terje Brekke (KRF).

Les saken hos Tysvær Bygdeblad her